Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Ivrige elevar på 1. trinn leita etter påskeegg med oppgåver der dei skulle finne ut kva bokstav som mangla. Bokstaven fylte dei inn på arket sitt, som danna ein hemmeleg beskjed. Og jammen såg me at påskeharen kikka ut på elevane frå kontora i 2. etasje. 

Nokon held på med utgravingar av eit vikingskip, medan andre undersøkjer gjenstandar som er funne frå eldre tider. Uteskule denne veka, var me arkeologar og jobba som forskarar, der me i grupper jobba  med forskarapportar og graving. Utruleg spanande, lærerikt og gøyt.  Me  grava å fant spanande gjenstandar. Ein gamal 5 øring  og var det ei tann me fann? Me skreiv ned på forskar rapporten kva me fann og kva me hadde lært og funne ut. Etterpå framførte  alle gruppene og gruppeleiarane  arbeida sine. Flinke forskarar.


Det var fint å få delta med Ketil på den gode bibliotek timen. Kjekt at han var så nøgd med oss. Han meddelte at gruppa var ein fin  og undrande gjeng. Det blir kjekt å delta att. Kan anbefalast.

Elever på 4.trinn ved Storebø Skule har denne veka begynt på Batterijakt, Dei samlar inn brukte batteri, og sørge for at dei gjenvinnes i staden for at dei havner i bosset eller i naturen. Batterijakten er èin morosam,miljøvennleg og lærerik konkurranse, som skaper engasjement og samhold i klasserommet.