Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Fredag 12. april var det kåring av det beste Smart  Camp presentasjonen i Austevoll kommune. Det deltok to lag frå Storebø skule, eit frå Selbjørn skule og eit frå Kolbeinsvik Montessori skule. Laget frå Selbjørn skule vann tevlinga og eit av laga frå Storebø kom på andre plass. Vinnaren skal representere Austevoll i fylkesfinalen.

Gøy dag for 4.Trinn ved Storebø Skule

Ivrige elevar på 1. trinn leita etter påskeegg med oppgåver der dei skulle finne ut kva bokstav som mangla. Bokstaven fylte dei inn på arket sitt, som danna ein hemmeleg beskjed. Og jammen såg me at påskeharen kikka ut på elevane frå kontora i 2. etasje. 

Nokon held på med utgravingar av eit vikingskip, medan andre undersøkjer gjenstandar som er funne frå eldre tider. Uteskule denne veka, var me arkeologar og jobba som forskarar, der me i grupper jobba  med forskarapportar og graving. Utruleg spanande, lærerikt og gøyt.  Me  grava å fant spanande gjenstandar. Ein gamal 5 øring  og var det ei tann me fann? Me skreiv ned på forskar rapporten kva me fann og kva me hadde lært og funne ut. Etterpå framførte  alle gruppene og gruppeleiarane  arbeida sine. Flinke forskarar.