Meny
Velg seksjon Framside
1. - 4.trinn
5. - 7.trinn
Skulevegen 57 4244 Nesflaten
Telefon: 456 12 131/ 988 48 380 Send e-post til oss
Redaktør: Nesflaten Oppvekstsenter
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
mai
01
2024
1.mai -off.fridag
Heile dagen
Snikkering av trekasse

I dag har mellomtrinnet snikkert trekasse til oppbevaring av kapp.

Etter skulen vart bygd om, har me oppbevart kappet på to pultar inne på sløyden. Denne løysinga har me vore halvnøgde med, så derfor kom Erik innom for å lære 3. - 7. klasse korleis ein lagar kasse til oppbevaring.

Ein del av materialet er gjenbruk. Botnen er t.d. frå langbordet me hadde i det gamle datarommet, medan sidene er ordinært panel. Erik saga til botnen på båndsaga, medan elevane målte opp panelet i 65 cm og 55 cm. Dette saga dei for hand. Deretter snikkerte dei saman sidene, før Erik monterte dei til botnen. Kassa vart tilslutt snudd, og hjula vart skrudd på. Siste rest av panelet vart deretter målt opp i 87 cm lengder, høvla for betre overflate og spikra saman som hjørner. Me tykkjer det vart eit bra resultat!

Me tenkjer likevel ikkje å leggje snikkeringa på hylla nett enno. Planen er i neste omgang å lage oppbevaringskasse i impregnert tre, som kan stå ute og huse fotballar, tennisballar og anna utstyr. Slikt har nemleg ein tendens til å forsvinne i gras og under stein når den varme årstida melder seg :-) 

Main Image
Bilete 1 av 22