Hausten 2020 trår ny læreplan LK20 i kraft.
Hausten 2020 trår trår ny læreplan i kraft, og denne vert kalla LK20. Utdanningsdirektoratet fornyar innhaldet i faga, men faga er dei same som i dag. Dei nye læreplanane vert innført trinnvis over ein periode på tre år. Skuleåret 2020 - 2021 tek 1. - 9.trinn i bruk dei nye planane, medan 10.trinn i 2020 - 2021 føl gamal plan - LK06. Dette gjeld for alle fag unnateke valfag. Den overordna delen av ny læreplan gjeld for alle på 1. - 10.trinn. Overorna del legg føringar for at ein skal jobbe meir med djupnelæring, og tverrfagleg på tvers av fag og trinn med tre tema: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Dette kan ein lese meir om på Udir sine sider her.