Måndag 28.januar er det planleggingsdag for barnehage og skule. Psykologspesialist, Solfrid Raknes, kjem til Suldal for å halde kurs i psykologisk fyrstehjelp for alle tilsette i oppvekst i Suldal. Andre som jobbar med barn og unge er og invitert til denne planleggingsdagen. I tillegg til kurs for dei tilsette vert det to temakveldar, ein på Suldalsosen 28.januar klokka 19.00 og ein i Erfjord 29.januar kl.19.00.
Me oppmodar alle føresette og andre i møte med barn og unge til å prioritera ein av desse kveldane til dette arrangementet. Arrangementet er ope og gratis for alle. Vel møtt!