I dag har 5. - 7. trinn hatt si tredje økt med mat & helse, og på menyen stod det laks med kokte poteter og agurksalat. I dette faget er det viktig at ein vert kjend med sunn kvardagsmat, og at ein lærer korleis maten fungerer som byggjesteinar i kroppen vår. Me har snakka om at laks inneheld omega 3, som er ei sunn feittkjelde, og att poteter inneheld mykje C-vitamin - og då spesielt i skalet. Agurk innheld mykje fiber,men den er dessutan rik på både kalium og jarn og magnesium. Men mest av alt består den av vatn - heile 97%.
Smak er viktig, men også estetikken på tallerken hjelper på matlysta :-)