Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Hakkebakkeskogen-sommarfest for heile barnehagen

I dag har liten og stor avdeling feira årets sommarfest.

Før festen kunne alle barna kle seg ut om dei ville, få ansiktsmåling og øyrer. Alle fekk også pynte si eiga muffin som dei fekk namn på, og sidan "kjøpe" i Barkermester Harepus sitt bakeri. Borna var svært spende, og kl.9.30 gjekk me ut for å byrja leikane. Klatremus (Marianne) hadde laga 8 ulike postar/aktivitetar som me gjekk rundt på, og desse postane var heimen til nokon frå Hakkebakkeskogen.

Den siste posten var felles, då gjekk alle til bakeriet og fekk kjøpe si eiga muffin, med "ekte" pengar som borna hadde tjent på ein av postane. Bakermester Harepus (Renate) og Bakergutten (Anita) måtte sjå at alle betalte for muffinsen sin, ellers ville dei ha smakt surt. For kaker som er kjøpt, smakar søtt, mens kaker som er stolne smakar surt! Heldigvis hadde alle hugsa pengar og alle kakene smaka søtt.

Til lunsj feira me Bamsefar sin fødselsdag, ja for han blir 50 år omtrent på denne tida, så me hadde pølser i brød og sjokoladekake.

Ein vellukka fest for store og små!

Main Image

Bilete 1 av 29