Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gruppemeistarane sin meister

I dag (onsdag) har me sett mange rekordar på skulen på Fiskå! Me har hatt "Gruppemeistarane sin meister", og ein litt ny vri på den tradisjonelle aktivitetsdagen vår!
Tradisjonen tru har me hatt aktivitetsdag på skulen på Fiskå i dag, men i år skal me kåra ein gruppemeister. Kven sigeren går til vert avslørt i morgon når alle poenga er telt opp. Elevane har vore delt inn i aldersblandagrupper og dei har kjempa med nebb og klør for den høgaste poengsummen på kvar aktivitet. Me har hatt aktivitetar der dei fleste musklane har vore i aktivitet, og hjernen har me også trimma! Me har gått på stylter, spelt memory, 90 graderen, idealtid, frisbeegolf, støvlekast, tangram, hoppetau, melkespannholding og pilkast. Der er nok mange som kjem heim med såre og sure musklar i dag, men du verden for ein kjekk dag det vart! Til og med været var me heldig med! I morgon er det ny dag med nytt program og nye utfordringar. Først terrengløp på tid, så teaterforestillingar og til slutt kanonballkamp mellom lærarlaget og elevrådet. Me gler oss!
Main Image
Bilete 1 av 16