Meny
Velg seksjon Framside
Fiskåvegen 987 4120 Tau
Telefon: 51742800 Send e-post til oss
Redaktør: Reidun Vasstveit, verksemdsleiar/ rektor
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Nordre Strand Teknolab er oppgradert

For fleire år sidan vart Nordre Strand Teknolab skipa. Det vart kjøpt inn mykje utstyr som vart sponsa av bedrifter i det lokale næringslivet. Dette utstyret har elevane ved Nordre Strand skule og dei tilsette her hatt stor glede av!

Innan teknologien går tida og utviklinga fort. Etter god og jamn bruk såg me i vinter at der var behov for å skaffe litt nytt utstyr til teknolaben vår. Spesielt såg me at robotane våre var gamle og litt avleggs og at det kosta ein del å fiksa på desse. Delar vart det heller ikkje plent enkelt å få tak i. Lokale bedrifter vart igjen kontakta og fire av desse hjalp oss med midlar til å kjøpe klassesett av to typar nye robotar.

Me vil retta ein stor takk til Sørskår Mek, Fiskå Mølle, FA bygg og Westcontrol som har gjort det nye innkjøpet mogleg. Utstyret kom rett før ferien. Dei eldste elevane fekk vera med å pakka opp, sortera og merka alt det nye og dei måtte jo sjølvsagt også få testa ut og programmera litt! Me gler oss over at me kan ta dette i bruk no i starten av dette skuleåret og er heilt sikre på at me får mykje glede og læring ut av denne oppgraderinga!

Main Image
Bilete 1 av 6