Science Circus er Jærmuseet sitt omreisande vitensenter - eit vitensenter på hjul!
Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk. Besøk til skulane består ofte av show, interaktive eksperiment i matematikk, naturfag og astronomi og undervisning av elevar.
Eksperimenta og showet er oppbygd som appetittvekkarar med tanke på at elevane skal kjenna seg delaktige, kompetente, oppleva spenning, få vera aktive, leika og prøva sjølv – og ikkje minst å få noko å lura på – i naturfag og matematikk.
Science Circus har som målsetting:
• Å gi elevane ei oppleving med realfag som dei hugsar.
• Skapa nysgjerrigheit og visa at realfag er spennande.
• At ein kan læra noko samtidig som ein har det moro.
1. - 4. trinn fekk lære om luft og laga rakett som dei fekk skyte opp til slutt.
5. - 7. trinn fekk lage El-bil som dei prøvde ut i gongen.
Me hadde ein spennande og innhaldsrik dag.