Meny
Vel klasse Framside
1.klasse
2.klasse
3.klasse
4.klasse
5.klasse
6.klasse
7.klasse
8.klasse
9.klasse
10.klasse
SFO
Bygdaveien 56 4333 Oltedal
Telefon: 51614800 SFO 95294809 Send e-post til oss
Redaktør: Målfrid Heien Førde
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Tverrfagleg team Gjesdal
Tverrfagleg team Gjesdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Bibliotek Ingen lenker i samlingen
Diverse frå 4.klasse

Dei siste vekene har 4.klasse hatt eit prosjekt om verdsrommet i naturfag og kunst og handverk.
Klassen har også hatt om målingar i matematikk og brukt dette når dei laga vafler i mat og helsen.

Verdsrommet
Me starta prosjektet med å sjå nokre filmsnuttar om stjernebilete, nordlys og solsystemet. Deretter fekk elevane velge kvar sin ting som dei skulle finne ut meir om (eks. sola, dei ulike planetane, nordlys, stjernebilete, komet). Dei skreiv kvart sitt avsnitt om dette, der dei lærte å setje ein tabell og eit bilete inn i eit dokument, samt å forstørre og understrekje teksten. Dei dela dokumentet sitt med Tina via mail. Dette kom godt med då dei hadde kartleggjingsprøve i digitale ferdigheiter denne veka. Etter at Tina hadde lese gjennom alle tekstane, hadde klassen ein felles gjennomgang av ord som elevane ofte skriver feil (eks. måne - måned, mye - mykje, se - sjå), så bytta dei tekst med partnaren og hjalp kvarandre med å finne skrivefeil. I kunst og handverk både teikna dei planeten sin og laga den av isopor. Prosjektet vart avslutta med at kvar elev kom fram og fortalte dei andre i klassen om det dei hadde laga og skrevet.

Målingar
I matematikk timane har elevane fått trena på å måle vekt, volum og lengde. Dei har jobba saman på grupper og funne ting dei kunne måle i klasserommet, dei har hoppa lengde i klasserommet og lese vaffeloppskrift der dei måtte gjere om mellom måleeiningar. I lekse neste veke skal dei finne ting heime som dei kan måle.

Ellers vart elevane lurte trill rundt heile måndagen då dei trudde på alle aprilsnarrane Tina kom med. Denne veka har også klassen fått prøve noko nytt i undervisninga, nemleg å ikkje gjere noko som helst.. Elevane ligg rett og slett på golvet heilt til Tina gjer beskjed om at dei kan setje seg på plassen sin igjen. Dette er for å øve seg på å slappe av og forhåpentligvis sjå at det ikkje alltid må skje noko og at det er heilt greit.

Main Image
Bilete 1 av 19