3.klasse uteskule veke 24
Onsdag 10.juni hadde 3.klasse ein fin tur ned til den store eika ovanfor Britabakken.
Publisert: 11.06.2020 22:16 Sist endra: 11.06.2020 22:22 Forfattar: Bjørg Hauge
Etter å ha ete nista, delte me klassen inn i grupper og hadde ein natursti. Det blei og god tid til å leike boksen av og andre leikar. Nokon fann nye små venner. Og Bjørg fekk smake ein smakfull naturpizza. Eikeblad smaker faktisk ikkje så verst.