Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Klasseleiing i utvikling

Klasseleiing i utvikling  

På skulen vår arbeider me i personalet med eit utviklingsarbeid innan klasseleiing. Klasseleiing betyr mykje for elevane si utvikling både fagleg og sosialt samt elevane sin trivsel på skulen.


Visjonen vår for dette utviklingsarbeidet er: Me vil skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur, gode relasjonar og trygge elevar som blir rusta for livet. På foreldremøta i haust gav alle foreldra oss ei tilbakemelding på kva dei meiner er viktig for borna deira i møte med oss vaksne på skulen. Ordskya over syner resultatet av dei tilbakemeldingane. Det som står skrive med størst bokstavar er det som har blitt skrive flest gonger av foreldra. Dette har me teke med oss vidare i arbeidet og jobbar denne hausten med relasjonar. Både forsking, teori og erfaringar viser oss at gode positive relasjonar til elevane må liggja i botn for læring og utvikling fagleg og sosialt. No skal elevane på skulen vår bli møtt med ein vaksen som står i døra til klasserommet og helsar når dei kjem om morgonen. Dei vaksne startar kvar dag med ein «navnerunde» og plan for timen/dagen.