Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Solidaritesaksjon 2. november

Elevrådet ved Sand skule ønskjer også dette skuleåret å samla inn pengar til  Midlands Children Hope Project sitt arbeid i Zimbabwe. 

Midlands Children Hope Project blei starta opp i 2012 av sandsjenta Anita Svendheim etter eit lengre opphald i Zimbabwe, der ho besøkte ein barneheim for gateborn. Sidan den gong har organisasjonen støtta utdanninga, helseutgifter og andre livsviktige behov for til saman 40 born ved barneheimen

 

De kan lesa meir om prosjektet på http://www.hopeproject.no/

Torsdag 2. november skal elevane gi eit dagsarbeid som si handsrekning. Det kan vera alle typar arbeid, aleine eller i lag med ein eller fleire medelevar. Elevane må arbeida i minst fem timar, og minimumslønna skal vera 300 kroner.

Skriva som følgjer med dette informasjonsbrevet skal fungera som kvittering på at arbeidet er utført og skal underskrivast av arbeidsgivar. Me håpar flest mogleg klarer å skaffa seg arbeid sjølv (skjema 2), men skulle nokon ha problem med dette, vil me sjølvsagt hjelpa til.

Me veit også at mange kan tilby arbeid til fleire elevar, og me har difor laga ein skjema (1)  der ein kan skriva kva slags jobb ein har og til kor mange. Me vil så vidareformidla dette.  

Svarslippane finn du på eige ark som er sendt med elevane, og på heimesida, og dei skal leverast til kontaktlærar innan fredag 27. oktober.  På heimesida ligg vedlegga i meny til høgre når du opnar artikkelen.

Vennleg helsing  

Lærarane på u-trinnet