Torsdag 15. februar var skogbruk valfag ved Sand skule ein tur til Kvilldal for å sjå saga til Åsmund Bakka. Interessant å sjå kva ein kan få ut av ein stokk, både av trevirke, men også av pengar. Det vart også tid til hogst, ein god bålpause og til slutt ein trefellingskonkurranse. Underteikna måtte sjå seg slått av elevane og ta til takke med den sure fjerdeplassen. Ein kjekk og annleis skuledag.