Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Bli med på Sommarles 2019!

Sommarles 2018 var svært populært på skulane i Suldal, og me er med i Bokåret 2019 også. Sommarles er for barn frå 1. til 7. klasse og varer heile sommaren. Det er hovudbiblioteket på kulturhuset som administrerer Sommarles i Suldal. Lurer du på noko, kan du få opplysningar der, hos bibliotekaren på Sand skule, hos læraren din eller gå direkte til https://sommerles.no/.

 


Sommarles er ein lesekampanje for barn i 1. - 7. klasse. Målet er å lesa så mykje som mogleg i løpet av kampanjeperioden som er frå 1. juni - 31. august og å samla XP (poeng). Annakvar veke kjem også eit nytt kapittel i ei spennande fantasyforteljing, skriven av Mari Moen Holsve, på Sommarles si heimeside.

Deltakarane i Sommarles kan vinna både digitale trofé og små premiar som kan hentast i biblioteket på kulturhuset. Alle barn i 1. - 7. klasse på ein av skulane i Suldal kommune er velkomne til å vera med. Elevar som begynner i 1. klasse til hausten eller nettopp er ferdig i 7. klasse, kan også delta.

Registrering: Gå inn på NY BRUKAR på https://sommerles.no/, les brukaravtalen og trykk «Eg godtar brukaravtalen» for å halda fram. Ein må oppgi ei e-postadresse til ein forelder/føresett  og lånenummeret frå biblioteket for å delta. Når ein har registrert seg, vil ein få ei stadfesting på at ein er med.