Meny
Velg seksjon Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Klasse 8
9. trinn
10. trinn
Rygjatunvegen 2 4230 SAND Vis på kart
Telefon: 52 79 08 00/ 52 79 08 01 Send e-post til oss
Redaktør: Jorunn Hoås
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Siger til Sand i Ryfylkequizen!

I dag møttes ni lag frå 8. klassar over heile Ryfylke til finale på kulturhuset på Sand. Etter fire spennande rundar, stod vårt eige, lokale lag att på toppen av pallen!

Det vart ein jamn og spennande finale, med fleire lag som låg an til å kunne vinne då dei gjekk inn i siste del av konkurransen. Med 51 poeng stod laget frå Sand heilt likt med laget frå Tryggheim på Tau. To ekstraspørsmål måtte til for å skilje dei, og Sand svara riktig på begge to. Dermed kunne "Stay Keeg" frå 8B, beståande av Vlada, Leandra og Prezemek, ta imot dei gjevaste premiane etter finalen. Dei vann 3000 kr til klassekassa, i tillegg til 1500 kr kvar.

Sendinga vart sendt direkte på Ryfylke.no, og kan sjåast i opptak for dei som ikkje fekk det med seg. 

Gratulerer, Stay Keeg!