Søndag 6. februar er samane sin nasjonaldag. Fredag 4. februar markerte vi dette.
1.-4. klasse delte seg i fire grupper på tvers av klassane. Alle gruppene var innom fire stasjonar med variert innhald. 1. Mat: Her fekk elevane presentert og smakt bidos og samisk brød, med fokus på reinkjøt. 2. Kunst & handverk: Elevane laga nøkkelring i samiske fargar. 3. Kultur: Elevane vart presentert for det samiske flagget og klede. Dei farga samisk flagg. 4. Musikk og dans: Elevane fekk presentert og prøve joik, og dei dansa BlimE-dansen på samisk.
Elevane viste stor interesse for innhaldet på kvar stasjon, og dei tok del i aktivitetane med stor iver.