Selbjørn skule ønskjer velkomen til nytt skuleår!
Me gler oss til å treffa att elevane og har mange planar for det komande året. Les artikkelen for viktig info om oppstartsdagen.
Skulen byrjar på onsdag 17. august, kl. 08.30 for alle elevane.
Me opnar skuleåret med ei samling for alle i idrettshallen (inngang A).
Skuledagen vert runda av kl. 13.00 for alle elevane.
Elevane på 4.-7. trinn får lunsj på skulen første dagen.
Tinging av skulefrukt og skulemjølk for skuleåret 2016/17 er opna. Bruk linkane i høgre marg på skulen si heimesida. Ver merksame på at det kan gå noko tid mellom tinging og leveransen byrjar. Oppstartsdato vil stå på tingingssida.
Skuleskyss første dagen.
Bussane går etter vanleg skulerute om morgonen. Elevane med rett på skuleskyss vil få utlevert busskort frå kontaktlæraren på skulen 17.august.
Det er tinga skyss til alle med rett på skuleskyss etter skuledagen kl. 13.00.
Vel møtt!