Bokåret 2019 i Vest-Agder starta si feiring av 500 år med trykte bøker på skulebiblioteket på Sinnes med besøk av forfattar André Vaaler og illustratør/musikar Oscar Jansen. Dei fortalde, teikna, las frå boka "Direkte rødt", song og spelte piano saman med elevane frå 1.-9. klasse.
Etterpå blei det eit besøk i den nostalgiske bokbussen som sist var på Sinnes våren 2004. Der var det ei flott utstilling som me gjerne kunne hatt meir tid til å studera!
Staden Grønndal i boka, hadde sin eigen song som elevane song med på. Då forfattaren spurde om Sirdal hadde det, fekk han eit rungande ja, med påfølgande song av elevane.