Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Møte elevrådsleiar og ordførar

Elevrådet ved Sinnes skule har skrive brev til politikarane i Sirdal kommune om at ungdomsskuleelevane skal gå på Tonstad skule under ombygginga, og dette ville elevrådsleiar Marius Nygård Fidjeland overrekkja ordføraren personleg. Ordføraren føreslo lønsjmøte, men pga. av eit anna møte Marius var på, vart det ein liten halvtime. Brevet finn du under.

Brev til politikarane i Sirdal kommune  

Elevrådet på Sinnes skule vil gjerne ha noko å seia i saka som gjeld flytting av elevar for skuleåret 2020/2021 og hausten 2021.  

Elevane vil aller helst bli på Sinnes av fleire grunnar. For det første er det slik på Sinnes at alle kjenner alle. Ingen er redde for å ta kontakt med andre, eller leika med andre, sjølv om dei ikkje går i klasse saman. Derfor er det fleire som er vener på tvers av klassar. Det er eit godt skulemiljø og klassemiljø på skulen vår, og me er redde for at det kan bli endra om me blir flytta. Me gjer fleire kjekke ting for å halda på det gode miljøet, som for eksempel når heile skulen reiser på overnattingstur i byrjinga av skuleåret.  

Me synest at bussturen til Tonstad blir altfor lang. Viss me blir verande på Sinnes, får me betre tid til både lekser og fritidsaktivitetar. Viss me må bruka over ein time på heimvegen kvar dag, går dette ut over motivasjonen til skulearbeidet vårt.   Me vil fortsetja på Sinnes, der me har lærarar me er godt kjende med, og som ser oss kvar dag.  

Med helsing  

Elevrådet på Sinnes skule