Heildagstur på sykkel
Sinnes skule hadde i staden for overnattingstur ein elleve timar lang skuledag tysdag 18. august. Me sykla frå skulen inn til Hellarlona (også kalla ‘’Jonnyleiren’’), kor me hadde ein kort pause. Etterpå var det sykkeltur til Kvæven eller Deg eit par timar til før lunsj, padling i kano og bading igjen i Hellarlona. Her hadde me vidare skjergardsorientering samt natursti på land med ulike aktivitetspostar.
Foreldra kom inn til grilling kl.17.00 og deltok på konkurransar m.m.
Publisert: 18.08.2020 20:11 Sist endra: 21.08.2020 09:02 Forfattar: Lena Bøgwald
Sykling tilbake til skulen kl.20.00. Strålande sol, nokre få dråpar regn, masse mygg og knott, bålkos, godt humør og nøgde elevar og tilsette etter ein superkjekk heildagstur. No kan skulekvardagen starta ☀️