Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Klassetur til Stavanger

I haust vann 5. klasse den lokale Beintøft-konkurransen. Premien var 3000,- til sosiale formål.

Det gjorde at me drog avgarde i vesterveg i dag, 29.10, til Stavanger og Arkeologisk museum på Våland. Der fekk me vera med på ein runde i vikingutstillinga, saman med Heidi som møtte oss der.

Me fekk sjå, høyra og ta på mykje spanande, og ho var godt nøgd med å ha ei klasse med seks elevar på besøk, mot normalt 30.

Etterpå drog me til Sørmarka arena og gjekk på skeiser, etter ein liten rundtur til både Tjensvoll skule/kyrkje, Ullandhaug og Jernaldergarden.

Me toppa det heile med ein tur på Egon på Kvadrat, der me fekk eit aldri så lite festmåltid. Pizzabuffet og burger var heilt topp!

Takk for ein strålande tur!

Main Image
Bilete 1 av 26