Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom
Telefon: 38379390 Faks: 94521258 Send e-post til oss
Rektor: Åse-Berit Fidjeland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Gå til Google Classroom
I dag flaut me oppå snøen til fots. Fantastisk å springa ned til Klampen på knallhard skare.

Bertelsen & Garpestad vil invitera elevane ved Sinnes skule til konsert med TIX laurdag 23. mars på Sirdal skiarena!

Dette er gratis (og alkoholfritt). 

Konserten startar kl. 14.15 og vil vara ca. 30 min. 

Det er dessverre ikkje mogleg å parkera på parkeringsplassen til Sirdal skiarena, men det er mogleg å sleppa av og så henta etter 15.15. 

Eit alternativ kan vera å parkera ved Grendehuset og gå på ski bort til konserten. 


Det blir alpindag på fredag 22. mars. 

Elevane møter til skulen til vanleg tid, og så køyrer me direkte til Ådneram. Heimover kan dei som bur mellom skulen og Ådneram gå av undervegs etter avtale med lærar. Me er attende til skuleslutt.


Ho kom som bestilt i dag, sola. I det me hadde fått på oss skiskoa og var klar for vår faste torsdagstur, vart det med eitt påskeføre og fantastiske tilhøve for ein deilig uteskuledag, på vår 100. skuledag (1. klasse) i år.

På måndag fekk me besøk frå Den kulturelle skulesekken i 1. - 4. klasse.

Siste fredagen før me tek vinterferie har skulen hatt engelskdag. Det har vore kjekt!