Aktivitetsdag for alle med nedsett funksjonsevne inne og ute på Skakke i Etne Laurdag 27. august kl 11 – ca kl 15 T-skjorte, matservering og medalje til alle som er med! Tradisjonelle og nye aktivitetar for alle aldrar og funksjonsnivå, åleine eller på lag.
For eksempel: bordtennis, asfalt-curling, lengdehopp, turn, leik med ball, hesteskokasting, fotball-dart, klatring og mykje anna kjekt!