Meny
Velg seksjon Framside
Artikkel
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Gradvis gjenopning av skulane.

Måndag 27. april opner Storebø skule kl 09.55 for elevar fra 1-4 trinn.

Mandag 27. april ønskjer vi elevane velkommen tilbake til skulen etter ein periode med heimeskule. Det skal bli kjekt å møta elevane igjen og få starta opp med læringsaktivitetar i kjente omgivnader. Noko blir nytt i denne opningsfasen, skriva nedunder  skal førebu elevane og føresette på kva rutinar som blir innført. Oppstart er mandag 27. april kl 9.55. Skuleveka har same start- og slutt-tidspunkt som før stenging, bortsett frå for  4. trinn som sluttar kl 11.35  og torsdagar. Skulebussen går som vanleg, men skulen forstår at fleire føresette vil kjøra eleven sin sjølv. For å ikkje skapa farlege trafikksituasjoner bør  dei som gjer det  bruka parkeringsplassen nede ved kyrkja for avstiging. Dei som vil parkera og følge eleven til skulen kan bruka parkeringsplassen oppå Austevoll badet. Føresette bør ikkje bli med inn i skulen/garderoben om ikkje det er heilt nødvendig. For å sikra ein god start, har skulen tatt utgangspunkt i smittevernrettleiar frå Udir.

Info om skulestart fra Udir.

Informasjon til føresette

Slik sørgjer vi for trygge skuler

I tillegg til skulen sine interne tiltak, styrkar Austevoll kommune reinhaldet. Areal ved skulen som dagleg er i bruk, skal overflatevaskast fleire gonger om dagen. Reinhaldspersonell utfører dette. Skuleskyss kjem til å gå som vanleg, og det er innført tiltak både når det gjeld avstand mellom elevane og reinhald på bussen. Det same gjeld for drosjekjøring.  Kontaktlærar kjem til å senda ut informasjon/melding i Visma flyt skole om samansetjing av grupper på trinnet og organisering av skuledagen. Har de spørsmål til gjenopninga, tek de kontakt med rektor.