Forrige veke, veke 24, hadde 4. trinn prosjektet: På eventyr med Eine og Andri, heile veka. Og så kjekk og lærerik veke det vart!
Me la vekk timeplanen og hadde prosjekt i alle timane. Der følgde me personane Eine og Andri som måtte redde verda etter at alt strømmen hadde forsvunne. For å klare dette måtte elevane i 4. hjelpe dei med fire ulike oppdrag.
I det første oppdraget måtte elevane lage ein farkost for å hjelpe Eine og Andri ned ein bakke. Det andre oppdraget var å lage farkost som ville hjelpe dei over eit vatn. I det tredje oppdraget måtte Eine og Andri ned eit stup, så då var det ein fallskjerm elevane måtte lage. Siste oppdrag var koding. Der måtte alle samarbeide i lag for å få ein kode for å få opp hengelåsen på skattekista. I alle oppdraga hadde elevane kravspesifikasjonar som dei måtte følgje då dei laga farkostane.
Me hadde ei super kjekk veke med mykje læring. Her måtte elevane samarbeide på gruppe, planlegge kva dei skulle byggje, kva materiale dei ville bruke, byggje farkostane, teste dei og evt. gjere endringar fordi ting ikkje verka som ein trudde +++.