Meny
Velg seksjon Framside
Uteflorsvegen 12 5392 Storebø
Telefon: 55 08 13 25 Send e-post til oss
Redaktør: Vibecke Storebø
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Samanslåing og utbygging

I samband med utbygging av Storebø skule og samanslåinga med Trolandshammer skule,

er det dukka opp ein del spørsmål som me tenkte me kunne gje nokre svar på og informere heimane litt om prosessen samstundes.


Er utbygginga i rute?

Dette spørsmålet vart sist stila til Nævdal, som er hovudentreprenør, torsdag 11.februar. Svaret var klart og tydeleg ja. Bygget skal vere klart til skulestart hausten 2016.  

Kva skjer med uteområdet?

Det er no øyremerka 5 mill. til uteområdet. Dvs at alle leikeapparat og ynskjer som ”utegruppa” hadde vil det vere rom for. I dette ligg og ein ekstra multibinge/ballbinge, og eit klatretårn på 8 meter, slik dei i dag har på Trolandshammer skule. Uteområdet med leikeapperat vil og vera ferdigstilt til skulestart.

Klassedeling? Korleis vert dette gjort?

Lærarane ved begge skulane har saman sett seg ned og delt elevane i nye grupper frå hausten av. Her er det miksa elevar frå begge skulane i alle grupper. Ein har hatt ei rekkje kriterier som ein har tatt utgangspunkt i for å få til så gode grupper som mogeleg. Det endelege resultatet vil ein kome tilbake til. Gruppestorleiken  vil bli mellom 17-22 elevar. Det vil bli foreldremøte litt seinare på vårhalvåret, slik at kabalen med klassedeling og plassering av lærarar skal kunne presenterast mest mogleg heilskapleg..      

Trafikksikring og skyss

Jobben med å utbetra det  som skal gjerast i området ved kyrkja, ny busslomme/snuplass etc. er tildelt entreprenør, etter anbodsrunde. Arbeidet skal vere ferdig i månadskiftet mai/juni. Resterande bit av trafikksikringa vert det jobba med på kommunalt plan. Foreldra vil bli informert så snart me veit korleis dette er tenkt løyst. Skulen har i utgangspunktet ikkje noko med den praktiske biten av trafikksikringa å gjere, då det er andre etatar som jobbar med denne delen.  

NB. I samband med samanslåinga vart det gjort eit vedtak om at personalet ved dei to skulane skal på ei samling/personaltur. Dette vert i perioden 14. – 17.april. torsdag 14. og fredag 15.april vert difor to elevfrie dagar.  SFO held og stengt då. I samråd med fau på dei to skulane, så vil ein av desse dagane vere avspasering i samband med aktivitetar elevane har hatt på ettermiddagstid (julefest og sommaravslutning)    

Dersom de har spørsmål eller innspel må de berre ta kontakt, enten på telefon eller mail  

Mvh

Vibecke Storebø

Anne-Lise Kvåle

Bjørn Kristian Bjånesøy