I dag samla heile skulen seg for å dansa BlimE dans 2023. Dette gjorde mange skular over heile landet i dag. På Vestbygd skule hadde vi flinke dansarar frå 5. og 6.klasse som stod framme å viste alle oss andre kva vi skulle gjere. Og vi andre, vi var flinke vi og!
Vi fekk og sjå dei nye trivselsleiarane, og takka dei gamle. Det var og kjekt å få sjå alle frå 1.-7.klasse som er i elevrådet.