Meny
Framside
Vinnesvegen 574 5641 Fusa
Telefon: 56584172 Send e-post til oss
Redaktør: Kjersti Hellebø Solheim
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Fornminnedag på Samnøy

Det vart ein litt blaut, men veldig spennande dag tilbake i tid for alle fjerdeklassingane i Fusa i dag. 
Me møtte opp på Samnøy, der har arkeologar nemleg funne restar etter ei gammal busetjing frå bronsealderen. Historikarar frå Hordamuseet i Bergen viste oss spor av gamle gravar, helleristningar og fortalte om livet i denne perioden. Landskapet er dessverre blitt ganske tilgrodd, så det er ikkje lengre så lett å sjå desse spora. Nokre elevar vart kledd opp i klede dei gjekk med i bronsealderen, og me fekk veta at menneska som levde for ca. 3000 år sidan ikkje brukte verken bukser eller undertøy. Til slutt fekk me opplæring i pil og boge-skyting, noko som var skikkeleg gøy. Jammen vart det nokre gode treff på blinken óg.
Main Image

Bilete 1 av 8