Oppstart
Hei og velkomen til 9.trinn 2025-2026
Publisert: 01.09.2025 10:43 Sist endra: aldri Forfattar: Therese Melvær
Me startar skuleåret 2025-2026 med eit tverrfaglegprosjekt som handlar om valet. Prosjektet skal ende i ein debatt som skal føregå i kulturbadet på fredag 5.september. Denne veka brukar me samfunnsfag og norsktimar til å førebu debatten. Ta gjerne ein debatt rundt frukostbordet eller middagsbordet heime som ei lita øving.
Anna som skjer no snart:
Foreldremøte i Kulturbadet tysdag 9.september kl 18.00
Nasjonale prøvar i rekning og lesing tysdag og torsdag i veke 38. Flott om de oppmuntrar borna dykkar til å vere uthaldande og svare så godt dei kan på desse prøvane.