Ordførar på ungdomsskulen
Vil du bli med i Ungdomsrådet i Austevoll?
Publisert: 13.10.2025 14:58 Sist endra: aldri Forfattar: Anders Hjelle
I dag fekk elevane besøk av sjølvaste ordførar og politisk sekretær, som tok seg god tid til å snakke med ungdommane om kor viktig det er å engasjere seg i Ungdomsrådet.
Frist for å søke om å bli med, er 26.okt og søknadsskjema finn ein på heimesida til kommunen eller dei brukar skjemaet elevane fekk utdelt. Det er opp til kommunestyret å velge 4 representantar frå ungdomsskulen og 4 representantar frå vgs.
Håpar å sjå engasjerte ungdommar i ungdomsrådet dei neste 2 åra