Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2026><<
februar 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272801
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Velkommen til MOT-foredrag

Onsdag 28.januar arrangerer vi MOT-foredraget «SJÅ HEILE MENNESKET – VIS BAKGRUNNSFORSTÅING»

Vi i MOT Noreg har ei tydeleg visjon: Å bidra til eit varmare og tryggare samfunn. I ei verd
prega av uro, raske endringar og aukande avstand mellom menneske, blir dette meir
aktuelt enn nokon gong. Mange elevar opplever press, einsamheit og uvisse i kvardagen.
Samstundes ser vi at det blir mindre rom for openheit og nære relasjonar, både blant
ungdom og vaksne.

Årets foredrag handlar om å sjå heile mennesket. Når vi tek oss tid til å forstå kva som
ligg bak ein elev sin reaksjon eller åtferd, skaper vi tryggare relasjonar og eit betre
læringsmiljø. Personalgruppa ved Austevoll ungdomsskule vil få eit eige foredrag
tidlegare på dagen, med fokus på samarbeid, støtte, tryggleik og fellesskap.
Kveldsforedrag for foreldre og føresette: «MOT til å vere ein tydeleg
vaksen» Onsdag 28.januar kl.1800-1915

Foredraget «MOT til å vere ein tydeleg vaksen» handlar om korleis vi som vaksne kan vere
trygge, tydelege og varme rollemodellar for barn og ungdom i ei krevjande tid.
Vi håpar at så mange som mogleg tek seg tid til å høyre på Bjørg-Elin Moen frå MOT. Det
blir ingen påmelding til foredraget, vi har sitjeplass til om lag 170–180 personar i
Kulturbadet på ungdomsskulen.