9A er valt ut til å vere juryklasse til u-prisen 2026.
Dette er ein pris som går til ein norsk forfattar som har gitt ut ei bok for ungdommar i løpet av 2025. Som juryklasse må me lese 5 ungdomsromanar. Dette er ein pris som har ungdommar i alle ledd, frå å lese og skrive bokmelding, nominere 5 av over 30 bøker, til å velje den eine boka som skal få prisen. Fordi me er blitt trekt ut som juryklasse må elevane lese mykje, også heime. Me ynskjer at foreldre og føresette støtter og hjelper ungdommane med lesinga. Undervegs i prosessen får me besøk av ein litteraturkritikar. Ho skal hjelpe elevane med å bli gode kritikarar.
I starten av juni reiser heile klassen til Litteraturfestivalen på Lillehammer. Der skal to elevar vere med i ein storjury som skal bestemme kven som får prisen, og to skal delta i eit bokbad med dei fem nominerte forfattarane. Av vaksne på skulen blir Isabel, Therese og Linda med. Me er allereie ferdig med å lese den første boka.
Me treng to til tre foreldre som kan bli med oss og vere nattevakt i Håkonshallen der dei skal sove. Det er bestillt buss til og frå Lillehammar.
De kan lese meir om U-Prisen her