Øl, vin og kokain, eit rusprosjekt for 9. og 10.trinn
Ambulansefag frå Ål vgs kom til Austevoll ungdomsskule med ei "aktivitetsløype"
Publisert: 08.05.2026 15:09 Sist endra: aldri Forfattar: Anders Hjelle
Onsdag 29.april hadde Ambulanselinja frå Ål vidaregåande skule ei lærerik informasjonsøkt for alle elevane våre på 9. og 10.trinn. Våre elevar blei delt inn i grupper og fulgte ei planlagt løype gjennom utvalgte rom på skulen, der ulike tema knytt til rus blei formidla. Ei utruleg fin og lærerik økt, der elevane blei utfordra på ein annan måte enn dei er vane med.
Tusen takk til lærarar og studentar ved Ål vgs og ikkje minst til Lions i Austevoll som gjorde dette mogeleg å gjennomføre økonomisk