Meny
Velg seksjon Framside
1. kl
2. kl
3. kl
4. kl
5. kl
6. kl
7. kl
8. kl
9. kl
10. kl
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
mai
19
2021
1.-4.kl fri
Heile dagen
mai
24
2021
2.pinsedag
Heile dagen
mai
26
2021
1.-3.kl fri
Heile dagen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kvar elev sin rett og plikt

Kvar elev har krav på og rett til eit trygt og godt skulemiljø fritt for alle typar krenkingar som; mobbing, vald, diskriminering og trakassering. I dette ligg at ingen skal tola eller oppleva direkte krenkande handlingar eller verbale uttrykk.   Indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking skal heller ingen måtta tola.

­Kvar elev sin rett og plikt:
Kvar elev har krav på og rett til eit trygt og godt skulemiljø fritt for alle typar krenkingar som; mobbing, vald, diskriminering og trakassering. I dette ligg at ingen skal tola eller oppleva direkte krenkande handlingar eller verbale uttrykk. Indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking skal heller ingen måtta tola. I dette ligg også at ingen har lov til på nokon måte å krenka andre.  

Denne retten og plikta gjeld i heile skuletida, inkludert SFO og leksehjelp. Elev eller føresett kan ta kontakt med skulen og be om at det vert sett i verk tiltak dersom eleven ikkje opplever at retten er i ivareteken.  
Fylkesmannen i Hordaland er handhevingsinstans om ein  opplever at retten til eit trygt og godt skulemiljø ikkje vert oppfylt.              

Alle som arbeider og oppheld seg jamleg på skulane - plikt og ansvar:

1.      Har plikt til å følgja med
2.      Har plikt til å varsla
3.      Har plikt til å gripa inn        

Skulen skal:

Driva førebyggjande arbeid mot alle former for krenkingar.
Undersøkja når det er ein mistanke om at ein elev er krenka.
Undersøkja når ein elev eller føresette seier frå.
Informera føresette om retten elevane har til eit trygt og godt elevmiljø.
Varsla skuleeigar om saker som gjeld krenking av elevar.
Laga plan for gjennomføring av tiltak
Dokumentera at ein utfører tiltaka.
Evaluera tiltaka undervegs.                  

 

Skuleeigar - plikt og ansvar:

Skuleeigar har ansvar for at tilsette har rett kompetanse til å følgja med, varsla og gripa inn dersom det skjer krenkingar mot elevar.
Skuleeigar må sjå til at føresette og elevane har god informasjon om rettane sine.
Skuleeigar skal vera informert om tiltaksplanar skulane set i verk.    

Statsforvaltaren Vestland er handhevingsorgan for retten elevar har til eit trygt og godt skulemiljø. Informasjon om dette kan du finne på følgjande nettadresse:  

https://www.statsforvalteren.no/vestland/barnehage-og-opplaring/ein-trygg-skuledag-utan-mobbing/