Meny
Velg seksjon Framside
1. kl
2. kl
3. kl
4. kl
5. kl
6. kl
7. kl
8. kl
9. kl
10. kl
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2021><<
juni 2021
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Velkommen til skulebiblioteket

Enge skule har to skulebibliotek. Det eine finn du midt i mediateket i småskulebygget, det andre i ungdomsskulen sitt mediatek i 2. etasje. Her er bøker til både mellom- og ungdomssteg. Biblioteka er tilgjengelege heile skuledagen. Skulebibliotekar Ingunn Merete er til stades i hovudbiblioteket i ungdomsskulebygget fredagar mellom kl. 09.00 og 11.00. Kom gjerne innom i denne tida for god hjelp og veilleding!  Begge biblioteka har sjølvbetent utlånssystem. Alle elevar skal ha eige lånekort og alle lærarar eige skulekort. Er du ny lærar eller ikkje kjend med utlånssystemet og biblioteket? Ta kontakt med skulebibliotekar Ingunn Merete for avtale om opplæring. Du kan søka etter bøker som høyrer til skulebiblioteket i katalogen her:  

 

 http://www.etne.folkebibl.no/cgi-bin/websok-enge

 

Informasjon til foreldre  

I første klasse vert alle elevar invitert til å melda seg inn i Etne bibliotek. Skulebiblioteket deler system med folkebiblioteket, og lånekortet kan nyttast både på skulebiblioteket og folkebiblioteket. I 5.klasse får alle elevane tilbod om eit ekstra kort som dei skal bruka på skulen. Det originale kan dei då ta heim og bruka på fritida. Dersom ein ønskjer å ha eit kort til å nytte på fritida før dei kjem i 5.klasse, går dette an gjennom ønskje frå foreldre. Då får ein kopikortet sitt før 5.klasse. Ein kan alltid låna på folkebiblioteket også utan kort, då slår me berre opp på namnet. På skulebiblioteket treng ein alltid kort for å registrera lån. Dersom foreldre ønskjer innsyn i barna sine lån, og moglegheit til å forlenga låna på nettet, ta kontakt med folkebiblioteket, så kan me ordna dette.    

Kontaktinformasjon:

Ansvarleg for barn og unge er Ingeborg Sørheim.
E-post: ingeborg.sorheim@etne.kommune.no

Eller kom innom oss i opningstidene:    

Tysdag   13-19
Onsdag  13-19
Torsdag 10-15
Fredag   10-15
Laurdag  11-15              

Beste helsing Ingeborg Sørheim
Barne- og ungdomsbibliotekar
Etne bibliotek  
Tlf. 53 75 80 84 Mob. 975 90 614