Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy sentralskule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249/ 51914426 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
I dag, onsdag 12/5, gjennomførte ungdomstrinnet den tradisjonsrike idrettsdagen sin.

I dag gjennomførte 6.-10. trinn Tinestafetten.

Kl. 8: Flaggheising på Judaberg.

Kl. 10.50: Kransnedlegging ved minnesmerke til Asgaut Regelstad, kyrkja. 

Kl. 11: Gudsteneste i Hesby kyrkje. 

Kl. 11.30: Ein startar oppstillinga av bilkortesjen på Judaberg ferjekai.
Det blir sal av lodd og kioskvarer til kjøretøya. Det blir musikk og god stemning.

Litt over kl. 12: Heile Noreg står og syng Ja, vi elsker. (3 vers).

Kl. 12.30: Bilkortesjen startar turen rundt øya. Rute: Lauvsnes, Mjølsnes, Landa, Hesby, Steinnesvåg, Vignes, Ladstein, Reilstad og tilbake til Judaberg. 

Det blir kåring av dei beste innslaga. Pynt kjøretøyet dykkar og bli med!!

Tale for dagen har 7. klasse laga. Den er ein hyllest til dei eldre, og vil bli vist på sjukeheimen. Der vil og kome musikk og blomster deira veg. Link til talen blir lagt ut på Facebook i gruppa: «17. mai 2021 - Finnøy» etter bilkortesjen. Verdt å få med seg for alle!!

God 17. mai til dykk alle! Hipp, hipp, hurra for nasjonaldagen vår!!!

Mvh komiteen.

 

 

 

 


Frå og med måndag 10/5 vil skulen igjen vere på gult nivå. Dette betyr at alle elevar møter på skulen kvar dag, og at me på alle trinn går tilbake til ordinær klassestruktur.

Bussane vil også gå etter vanlege ruter frå og med måndag.

 


Frå måndag 19/4 kjem det nye endringar i bussruter for å ivareta raudt smittevernnivå.

Om morgonen vil Talgjebussen kjøre til ordinær tid (08.15 frå kaien, og 08.20 frå rundkøyringa). Det vil komme to bussar, og 1.-4. trinn nyttar den eine bussen, medan 5.-10.trinn nyttar den andre bussen. 

For dei andre elevane som tar buss, gjeld informasjonen som kom onsdag, med ei endring:

Om morgonen vil bussen for elevar på 1.-4. trinn gå ti minutt tidlegare enn ordinær rute for elevar på Finnøy. Bussen på dei andre øyane går elles som vanleg. På ettermiddagen vil skulebussen for 1.-4. trinn gå 14.20, det vil seie om lag 20 minutt før ordinær tid. Elevar på 1.-4. trinn som ikkje nyttar SFO vil difor kome noko tidlegare heim.

Onsdag og fredag vil elevane på 1.-4. trinn ta bussen heim til vanleg tid. Onsdag ettermiddag vil elevane i 5.-7. slutte av og ta bussen heim 20 minutt tidlegare.

Om morgonen vil bussen for elevar på 5.-10. trinn gå om lag ti minutt seinare enn ordinær rute på Finnøy. På ettermiddagen vil den gå til om lag ordinær tid.

Busstidene er omtrentlege då me ikkje heilt veit korleis dette vil fungere i praksis. Det kan bli litt venting på haldeplassen, men me håpar dette vil fungere greitt. Hugs å halde god avstand til kvarandre!

Elevar på 6., 8., 9. og 10. trinn vil ha alternerande oppmøte på skulen, så ein må sjekke kva for dagar den einskilde elev skal møte opp på skulen.

Følg med på heimesida vår, for det kan komme endringar i dette oppsettet.


Våren er i anmarsj, og det merkar me godt på sentralskulen!

Det blir pynta til påske i klasseromma, og det blir dyrka karse og kokt egg på uteskuleturar. Nokre klassar har laga påskekrim, og andre har laga påskekort og påskebøker.


Me er alle i ein heilt spesiell situasjon. På grunn av Covid-19 viruset har kvardagen vår det siste året endra seg drastisk.

Finnøy sentralskule har dei siste åra hatt fokus på å jobbe med trivsel og auke sosial kompetanse. Bakgrunnen for denne satsinga har vore for svake resultat på elevundersøkinga som blir gjennomført årleg på 5. tom. 10. trinn. Å trivast på skulen er svært sentralt for å ha god fagleg og sosial utvikling.

Denne veka er 8. trinn på leirskule på Gullingen. Me får rapportar om stårlande sol, masse snø og god stemning!

Mellomtrinnet plar ha solidaritetsaksjon med basar, aktivitetar og sal av mat. I år tenker me nytt. 5-7. trinn har starta produksjon av tennbrikettar som elevane skal selje.

FIKS FERIGGE FERIE – SOMMERFERIETILBUD FOR BARN I STAVANGER 2021 Påmeldingen for årets Fiks Ferigge Ferie åpner 15 mars, og du finner mer informasjon om påmelding på: www.stavanger.kommune.no/fff

I dag, fredag 12.02, hadde 1.-7. trinn karneval.

Sentralbord nummer - Finnøy sentralskule  51914422    

Mette Lise Bakka, skulekonsulent 51914421
Bente Tjelta, rektor 51914423
Solveig Mjølsnes Hatletvedt, avdelingsleiar 51914424
Anja Helen Steinsland, avdelingsleiar 51914425
Ayna Camilla Eno, SFO leiar 51914426
Margunn Tungland Nordbø, rådgjevar 51914427        
 

Det er mange kreative elevar på skulen vår!

Og dei fine resultata etter kreative prosessar er til glede for små og store


På gult nivå kan to kohortar samarbeide gjennom skuledagen, og det betyr at elevane kan vere saman trinnvis på uteområda og ha felles trinnvis oppmøte om morgonen.

Me kan gjennomføre språkfag og valfag med elevar frå fleire kohortar, men her må me halde minst 2 meter mellom kohortane.

Leksehjelpa startar opp igjen fom. måndag 25/1.

Bassenget vil bli opna fom. 19/1.



Det meste blir lettare og kjekkare med lyse, klare dagar! Humøret stig hos små og store. Det merkar me godt også på skulen!

Alle skulane i Stavanger kommune er sett på raudt nivå pga. auka smitte i regionen. Dette fører til skjerpa rutinar i høve til smittevern.

No tar skulen juleferie, og me håpar alle får fine og gode dagar med julefeiring!

God jul og godt nytt år!


Som de kanskje har fått med dykk, presenterte Stavanger kommune nye koronareglar i dag. Desse skal gjelde frå tysdag. Kommunen tilrår bruk av munnbind for elevar på ungdomskulenivå som deler transport med andre passasjerar enn dei som høyrer til skulen. Elevar frå dei andre øyane enn Finnøy og Talgje tek ordinær rutebåt til og frå skulen, og dei bør difor nytte munnbind under reisa. Elevane vil få utdelt munnbind på skulen, to kvar dag.

Me oppfordrar alle det gjeld til å bruke munnbind til og frå skulen.

Sjå denne nettsida for informasjon om bruk av munnbind.  


Det har vore ein annleis haust på sentralskulen dette året. Det har handla mykje om smittevern, handhygiene, separate uteområde, kohortar osb. Men innimellom alt dette, er det svært mykje kjekt som skjer på skulen vår.

Elektronisk søknadskjema om elevpermisjon er klar til bruk. Logg inn med bankId/Minid, seinast ein månad før permisjonen skal starte.
Sjå under lenkesamling i høgremenyen på framsida.


Som mange kanskje har registrert, verserere det ein sjølvmordsvideo på TikTok. Denne videoen blir spreidd raskt, og den har nok også nådd Finnøy. Me oppfordrar alle føresette til å vere observante i høve til kva ungane ser på ulike sosiale media og digitale plattformer, og til å prate med barna og ungdommane om dette. Ein kan lese meir om saka her.

 


Les meir om retningslinjer for oppfølging av smittetilfelle i skule og barnehage. Og oppdaterte råd ved sjukdom i barnehagar og skule fra 21.08.2020.

2 vedlegg.


Me har fått spørsmål om når elevar kan komme på skulen i samband med sjukdom. Ingen sjuke elevar kan komma på skulen. Elevar kan gå på skulen så snart dei er symptomfrie og har god allmenntilstand.

Dersom ein har mistanke om covid-19, oppfordrar me til testing. De må gå via lege for å få time til testing. Ein må vere i karantene i påvente av testsvar.

Dersom familiemedlemar er i karantene (forkjølte, venter på test/svar frå test el.), kan eleven gå på skulen som vanleg. Dersom familiemedlem har påvist covid-19 (i isolasjon) skal familiemedlemar i karantene.

Me viser elles til Rettleiaren for smittevern i skulen.