Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy sentralskule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249/ 51914426 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Barnehager og skolefritidsordninger (SFO) i Stavanger går tilbake til grønt smittevern-nivå med virkning fra mandag 21. juni. Det har ordfører Kari Nessa Nordtun og helsesjef Runar Johannessen besluttet.

Grønt nivå i trafikklysmodellen innebærer at skolene og barnehagene kan gjøre en rekke lettelser på tiltakene. Avdelingene trenger ikke lenger å regnes som en kohort, og hverdagen kan organiseres som normalt. Barna/elevene kan igjen møtes og bevege seg fritt uten begrensninger.

I dag har elevrådet grilla pølser til alle elevane på 6.-10.trinn. 

Torsdag 10/6 hadde kommande 8. trinn ved Finnøy sentralskule heile tre førestillingar av musikalen "Stopp! Ikkje mobb!" som er årets KOM-prosjekt.

Det vil vere ordinær skule for alle trinn fom. måndag 7/6

Vil du gjøre noe kjekt i sommerferien? Sjekk ut de gratis aktivitetene i Barnas sommer!
I sommer arrangerer Stavanger kommune mange gratis sommeraktiviteter for barn og unge, i samarbeid med lokale lag og foreninger. Det er aktiviteter i alle kommunedelene og du kan delta på alt fra fotball, hinderløype, skatekurs, dans, drama og tegne- og malekurs, til vitenskapscamp og sjongleringskurs + mye, mye mer!
I tillegg arrangeres det flere åpne aktiviteter som rebusløp og skattejakt i øyriket, åpen hall i Sørmarka Arena, og det blir en egen videokonkurranse i sosiale medier, med store pengepremier.
Vi håper du finner en aktivitet du liker og blir med!
For mer informasjon og påmelding se: Barnas sommer 2021 (stavanger.kommune.no)

Finnøy sentralskule har fått varsel om at tilsette som er organiserte i Utdanningsforbundet kan bli tatt ut i streik frå onsdag 2/6 kl 06.00.

Det vil seie at dei aller fleste lærarane ved skulen vår kan vere i streik frå onsdag morgon dersom partane ikkje blir samde innan den tid.

Ei eventuell opptrapping av streiken vil få store konsekvensar for skuledrifta.

Me vil få meir informasjon ila. måndag og tysdag, og me ber føresette om å følgje med på skulen sine heimesider for oppdatert informasjon.

SFO blir ikke berørt av streiken.

Du kan lese meir om streiken på Stavanger kommune sine heimesider:  https://www.stavanger.kommune.no/om-stavanger-kommune/streik/

 


I dag, onsdag 12/5, gjennomførte ungdomstrinnet den tradisjonsrike idrettsdagen sin.

I dag gjennomførte 6.-10. trinn Tinestafetten.

Frå og med måndag 10/5 vil skulen igjen vere på gult nivå. Dette betyr at alle elevar møter på skulen kvar dag, og at me på alle trinn går tilbake til ordinær klassestruktur.

Bussane vil også gå etter vanlege ruter frå og med måndag.

 


Frå måndag 19/4 kjem det nye endringar i bussruter for å ivareta raudt smittevernnivå.

Om morgonen vil Talgjebussen kjøre til ordinær tid (08.15 frå kaien, og 08.20 frå rundkøyringa). Det vil komme to bussar, og 1.-4. trinn nyttar den eine bussen, medan 5.-10.trinn nyttar den andre bussen. 

For dei andre elevane som tar buss, gjeld informasjonen som kom onsdag, med ei endring:

Om morgonen vil bussen for elevar på 1.-4. trinn gå ti minutt tidlegare enn ordinær rute for elevar på Finnøy. Bussen på dei andre øyane går elles som vanleg. På ettermiddagen vil skulebussen for 1.-4. trinn gå 14.20, det vil seie om lag 20 minutt før ordinær tid. Elevar på 1.-4. trinn som ikkje nyttar SFO vil difor kome noko tidlegare heim.

Onsdag og fredag vil elevane på 1.-4. trinn ta bussen heim til vanleg tid. Onsdag ettermiddag vil elevane i 5.-7. slutte av og ta bussen heim 20 minutt tidlegare.

Om morgonen vil bussen for elevar på 5.-10. trinn gå om lag ti minutt seinare enn ordinær rute på Finnøy. På ettermiddagen vil den gå til om lag ordinær tid.

Busstidene er omtrentlege då me ikkje heilt veit korleis dette vil fungere i praksis. Det kan bli litt venting på haldeplassen, men me håpar dette vil fungere greitt. Hugs å halde god avstand til kvarandre!

Elevar på 6., 8., 9. og 10. trinn vil ha alternerande oppmøte på skulen, så ein må sjekke kva for dagar den einskilde elev skal møte opp på skulen.

Følg med på heimesida vår, for det kan komme endringar i dette oppsettet.


Våren er i anmarsj, og det merkar me godt på sentralskulen!

Det blir pynta til påske i klasseromma, og det blir dyrka karse og kokt egg på uteskuleturar. Nokre klassar har laga påskekrim, og andre har laga påskekort og påskebøker.


Me er alle i ein heilt spesiell situasjon. På grunn av Covid-19 viruset har kvardagen vår det siste året endra seg drastisk.

Finnøy sentralskule har dei siste åra hatt fokus på å jobbe med trivsel og auke sosial kompetanse. Bakgrunnen for denne satsinga har vore for svake resultat på elevundersøkinga som blir gjennomført årleg på 5. tom. 10. trinn. Å trivast på skulen er svært sentralt for å ha god fagleg og sosial utvikling.

Denne veka er 8. trinn på leirskule på Gullingen. Me får rapportar om stårlande sol, masse snø og god stemning!

Mellomtrinnet plar ha solidaritetsaksjon med basar, aktivitetar og sal av mat. I år tenker me nytt. 5-7. trinn har starta produksjon av tennbrikettar som elevane skal selje.

FIKS FERIGGE FERIE – SOMMERFERIETILBUD FOR BARN I STAVANGER 2021 Påmeldingen for årets Fiks Ferigge Ferie åpner 15 mars, og du finner mer informasjon om påmelding på: www.stavanger.kommune.no/fff

I dag, fredag 12.02, hadde 1.-7. trinn karneval.

Sentralbord nummer - Finnøy sentralskule  51914422    

Mette Lise Bakka, skulekonsulent 51914421
Bente Tjelta, rektor 51914423
Solveig Mjølsnes Hatletvedt, avdelingsleiar 51914424
Anja Helen Steinsland, avdelingsleiar 51914425
Ayna Camilla Eno, SFO leiar 51914426
Margunn Tungland Nordbø, rådgjevar 51914427        
 

Det er mange kreative elevar på skulen vår!

Og dei fine resultata etter kreative prosessar er til glede for små og store


På gult nivå kan to kohortar samarbeide gjennom skuledagen, og det betyr at elevane kan vere saman trinnvis på uteområda og ha felles trinnvis oppmøte om morgonen.

Me kan gjennomføre språkfag og valfag med elevar frå fleire kohortar, men her må me halde minst 2 meter mellom kohortane.

Leksehjelpa startar opp igjen fom. måndag 25/1.

Bassenget vil bli opna fom. 19/1.



Det meste blir lettare og kjekkare med lyse, klare dagar! Humøret stig hos små og store. Det merkar me godt også på skulen!

Alle skulane i Stavanger kommune er sett på raudt nivå pga. auka smitte i regionen. Dette fører til skjerpa rutinar i høve til smittevern.

No tar skulen juleferie, og me håpar alle får fine og gode dagar med julefeiring!

God jul og godt nytt år!


Som de kanskje har fått med dykk, presenterte Stavanger kommune nye koronareglar i dag. Desse skal gjelde frå tysdag. Kommunen tilrår bruk av munnbind for elevar på ungdomskulenivå som deler transport med andre passasjerar enn dei som høyrer til skulen. Elevar frå dei andre øyane enn Finnøy og Talgje tek ordinær rutebåt til og frå skulen, og dei bør difor nytte munnbind under reisa. Elevane vil få utdelt munnbind på skulen, to kvar dag.

Me oppfordrar alle det gjeld til å bruke munnbind til og frå skulen.

Sjå denne nettsida for informasjon om bruk av munnbind.