Fylkesmannen har publisert artikkel som gir nyttig informasjon til alle klassekontakter og andre foreldre som planlegger tur/aktiviteter med klassen.
Her følger informasjon om hva som regnes som tur i regi av skolen, og hva som ikke regnes som dette. Og ikke minst hvilke krav og ansvar som ligger til de som arrangerer tur.
FAU oppfordrer alle foreldre som planlegger tur å sette seg inn i lovverket ved å lese vedlagt artikkel.
Her kommer en kortversjon av artikkelen.
Skolen er gratis.
Det er gratis å gå på skole i Norge. Dette gjeld både grunnskolen og vidaregåande skole.
Dersom skolen drar på tur, enten det er dagsturar, lengre turar i inn- eller utland, avslutningsturar eller leirskole, skal dette vere gratis for elevane.
Men skolane kan pålegge elevane å dekke utgifter til eigen mat også på skoleturar.
Initiativ frå foreldre
Det er mange kommunar og skolar som ikkje finn rom for å dra på turar.
I mange tilfelle tar foreldra på seg oppgåva med å samle inn pengar til skolen for på den måten å få til skoletur, andre vel å arrangere ein eigen tur, altså ikkje ein skoletur.
Det er ikkje ulovleg for foreldra å samle inn pengar på dugnad til turar som skolen arrangerer.
Slike turar er å rekne som skoleturar og inngår i skolen sitt undervisningsopplegg. Skolen kjenner elevane, lærerar er med, skolen si forsikring gjeld, skolen sine reglar gjeld og skolen har ansvaret.
Det er viktig å vere klar over at det er frivillig for foreldre å betale inn pengar til slike turar, og dei kan heller ikkje tvingast til å delta på dugnad.
Dersom foreldra sjølve vel å arrangere ein tur på frivillig basis for elevane, er det ikkje å rekne som ein skoletur.
Det er viktig at dei som arrangerer ein slik tur, er medvitne om ansvaret dei tek på seg som turarrangør. Når ein dreg på tur med mange ungdommar som ein ikkje kjenner, er det viktig å ha gjort risikovurderingar, syte for forsikringar, ha meg seg nok ansvarlege vaksne og ha eitt sett av reglar som er alle er kjende med.
For ein slik tur gjeld ikkje gratisprinsippet, og turen må leggast utanfor skoletida.
Er turen ein skoletur eller ikkje?
Fylkesmannen får ofte spørsmål om turar og betaling:
Er turen ein skoletur eller ikkje? Er turen eigentleg er ein skoletur der ein omgår gratisprinsippet?
I ei slik vurdering er mellom anna følgjande moment relevante:
- Blir turen arrangert i skoletida?
- Kven er ansvarlege dersom det oppstår uhell på turen?
- Gjeld skolen sine forsikringsordningar?
- Kvar kjem informasjonen om turen frå, og kva inneheld informasjonen?
- Gjeld skolen sitt reglement på turen?
- Er det utarbeidd sanksjonar og reglar om til dømes heimsending frå turen?
- Er turen reelt sett frivillig, eller opplever elevar og foreldre seg pressa til å vere med på tur?
- Er skolen involvert i innsamlinga av betaling for turen?
- Går turen fram av skolen sine planar eller årshjul?
- Er det organisert opplæring for elevar som ikkje er med på tur?
- Er det lærarar med på turen?
Dersom svaret på eitt eller fleire av desse spørsmåla er ja, er det sannsynleg at vi vil vurdere at turen reelt sett er ein skoletur, og dermed skal vere gratis.
For å lese hele artikkelen trykk her eller se vedlegg.
Hilsen
FAU Ganddal