Me ber alle ta ein ekstra kontroll på syklane for å sjekka at det er montert lys, og at dei verkar. I tillegg oppmodar me alle til å nytta refleks. Onsdag 19. oktober var det nestenulykke på skulevegen vår. Ved bruk av refleks kan bilførar sjå elevane med refleks på 140 meter. Utan refleks er avstanden 25-30 meter. Omrekna til sekund har bilførar 10 sekund på å reagera, mot 2 sekund når eleven ikkje nyttar refleks (ref. Trygg trafikk).
Det kan stå mellom liv og død!