Bryne symjeklubb inviterer til symjeaktiviteter i Bryne symjehall i veke 26 for ungar mellom 6 og 10 år..
Me skal ha symjeopplæring tilpassa ulike nivå med fleire instruktørar som har erfaring frå symjekursa som me arrangerer til vanleg. I tillegg til symjeopplæring blir det aktivitetar i gymsal og ute. Ungane vil få servert lunsj.
Det er 30 tilgjengelege plassar, 16 av desse er bestilt. Me håpar at med intensiv symjeopplæring i ei veke, så vil fleire ungar føle seg trygge i vatn denne sommaren.