Tirsdag 7.juni var det endeleg belønningstur for dei fire elevane som har vore aktivitetsleiarar dette skuleåret.
Viljar, Anna, Tord og Daniel har vore aktivitetsleiarar skuleåret 2015/2016. Kvar måndag i storfriminuttet har dei hatt kjekke aktivitetar for alle elevane på skulen. Aktivitetane har vore varierte, og dei har alle vore kjempeflinke til å planleggja, organisera og gjennomføra aktivitetane! Tusen takk for kjempegod innsats:-)!!
Når ein har gjort ein så god jobb, er det på sin plass med ein belønningstur:-)! Turen gjekk først til Osbadet, før me tok lunsjen på Peppes Pizza.
Ein suveren gjeng å reisa på tur saman med!!