Meny
Framside
Vinnesvegen 574 5641 Fusa
Telefon: 56584172 Send e-post til oss
Redaktør: Kjersti Hellebø Solheim
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2025><<
juli 2025
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Prosjekt Vinnesholmen

Sidan 2007 har Vinnes Friskule hatt eit prosjekt på Vinnesholmen der ein skal sjå forskjellen i vegetasjonen der dyra har beita og dersom skogen hadde fått veksa fritt.

Mandag 13.juni var 3.-4.klasse med og gjorde dei siste observasjonane.No kjem forskjellane tydeleg fram. I det området som er inngjerda for å beskytta mot beiting av sauer, er det no ein liten skog. Det høgaste treet (bjørk) er over 4,5 m.Rundt forsøksfeltet var det fint beiteland. Forsøket viser at uten beitande sauer ville heile Vinnesholmen vore overgrodd med skog og kratt i dag! Takk til husdyra (villsauene)som pleier kulturlandskapet på Vinnesholmen!

Nedanfor fylgjer ein tabell over dei trea som er registrert i forsøksfeltet:

Bjørk 1            450 cm

Bjørk 2            380 cm

Bjørk 3            160 cm

Bjørk 4            133 cm

Bjørk 5              60 cm

Einebusk 1     150 cm

Einebusk 2       80 cm

Furu 1              92 cm

Furu 2              69 cm

Furu 3              59 cm

Eik 1                15 cm

Eik 2                13 cm

Eik 3                13 cm

Det kjem i tillegg fleire små bjørkespirer og spirer av eik.Dei første åra kom det og opp spirer av rogn, men desse er tydelegvis utkonkurert av dei andre tresortane.

Ta ein tur på nordre del av Vinnesholmen og sjå sjølv!!

 

 

 

Main Image
Bilete 1 av 5