Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Erfjordvegen 16 4233 ERFJORD
Telefon: 52790830 Faks: 52790835 Send e-post til oss
Redaktør: Bjarte Steindal
Kommunalt Foreldreutval
Kommunalt Foreldreutval
FAU
FAU
Skolenes sangdag 2019

Kvar vår arrangerer 'Musikk i skolen' saman med Oslo-filharmonien 'Skolenes sangdag'. Eit veldig samlande og positivt tiltak, som medførte at i dag sat/stod det tett på 100 000 norske skuleelevar rundtomkring på 300 ulike skular i heile landet og song saman!

Me har øvd på songane ei heil stund, og også jobba med tekstane, øvd på bevegelsar/dans og så vidare. Kjekt å lære både heilt nye og litt eldre songar!

På skulen vår var det berre 3., 4. og 5. klasse som var på skulen i dag - men me samla oss på 4. klasserommet til live-overføring frå Oslo Konserthus presis klokka 12 (etter å ha øvd litt siste-liten-øving på tegnspråk-'moves'a' til den eine songen) og song, lytta og dansa saman med 'heile Norge' i 45 minutt.

Her kan de sjå heile overføringa sånn i etterkant - flotte artistar på scenen heile vegen!

Og så ligg songane på sida til Skolenes sangdag - så det er berre til å syngje ute og heime og overalt :)