Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

På torsdag 23. august er skulen invitert til Finnøy for å sjå musikalen som 10. klasse har sett opp. Vi kjem til å reisa med hurtigbåten kl. 11.05, og returnera med ferja som er på Fogn kl. 13.55. Bussen kjem til å gå frå skulen, men 5-10 minutter seinare enn vanleg, denne dagen. Dette fordi elevane uansett må oppom skulen og hente sekkane sine før dei går heim. Dersom nokon ynskjer å hente på kaien, og så køyre til skulen for å hente sekken, er det i orden.

Det vert leksehjelp som vanleg denne torsdagen.


Det vert foreldremøter på skulen i veke 35 og 36. Møta på klassenivå vil mellom anna verte brukte til å informere om dei ulike faga, om arbeid med sosial kompetanse og til val av klassekontakt blant dei føresette. Fellesmøtet kjem mellom anna til å ha fokus på elevane sitt skulemiljø og bruken av IKT både i undervisning og heime. Møta er sett opp slik:

5.-6. klasse: Måndag 27. august kl 18.00 på klasserommet

Fellesmøte for 1.-7. klasse: Måndag 27. august kl. 19.00 i foajeen

7. klasse: Måndag 27. august kl. 20.00 på klasserommet

1.-4. klasse: Onsdag 5. september kl. 18.00 på klasserommet

Velkommen til foreldremøte!


Dei fem 5-åringane på oppvekstsenteret var fredag samla til si første førskulegruppe, noko som såg ut til å vera veldig stas! Her delte lærar Elin ut eigne bøker til borna, i tillegg til at dei fekk skrive på tavla og jobbe på iPad. Denne gjengen kjem til å vere samla på fredagar frå klokka 10.00-11.00 dette året, og dei kjem heilt sikkert til å læra ein heil del!

Klikk "les mer" for å sjå eit par bilete til frå samlinga.


Både dei nye elevane i 1. klasse, og resten av dei 36 elevane ved Fogn oppvekstsenter, virka klare til å starta opp på skulen etter sommaren, då dørene opna torsdag 16. august! I og med at det var nokså vått ute, hadde vi oppstartssamling og leiker inne denne gongen, men det verka ikkje til å setja nokon dempar på stemningen blant borna! Klikk "les mer" for å sjå fleire bilete frå denne første skuledagen.


Onsdag 20. juni hadde vi felles sommerfest for Fogn oppvekstsenter, og dagen etter var siste skuledag for elevane før dei tok sommerferie. Barnehagen er open fram til og med fredag 29. juni, før dørene vert stengt for sommaren også der. Tusen takk for ein flott fest og eit fint år i både barnehage og skule, og nyt ferien alle saman!

Barnehagen opnar igjen måndag 30. juli, og barnehageåret 2017-18 held då fram til og med tysdag 14. august. Onsdag 15. august er det planleggingsdag (barnehagen er då stengt), før det nye barnehage- og skuleåret tek til torsdag 16. august. Barnehagen opnar som vanleg klokka 07.30, og skulen startar klokka 08.15.

God sommar!