Fogn oppvekstsenter består av barnehage, skule frå 1.-7. klasse og SFO tilbod om ettermiddagen.
Barnehagen
- Opnar kl. 07.30 om morgonen.
- Borna må leverast før kl. 09.00, om ikkje anna er avtalt.
- Dei som kjem tidleg kan gjerne ha med frukostniste og ete i barnehagen.
- Borna får lunsj kl. 11.00 og eit enkelt måltid kl. 14.00.
- Borna kan hentast frå kl. 15.00. Skal dei hentast tidlegare, må dette gis beskjed om.
- Barnehagen stengjer kl. 16.20, alle born må då vere henta.
Skulen
- Skulestart er klokka 08.15, men vi opnar dørene klokka 08.00 slik at dei som ynskjer kan koma inn då.
- Vi har denne rytmen i skuledagen:
08.15-09.00: 1. time
09.00-09.45: 2. time
09.45-10.00: Friminutt
10.00-10.45: 3. time
10.45-11.00: Matpakkelunsj i klasserommet (vi et felles i foajeen på fredagar)
11.00-11.20: Friminutt
11.20-12.05: 4. time
12.05-12.15: Friminutt
12.15-13.00: 5. time
13.00-13.10: Friminutt
13.10-13.55: 6. time
- Skulen er fådelt, slik at 1.-4. klasse er ei gruppe, 5.-6. klasse er ei gruppe og 7. klasse er ei gruppe (skuleåret 2018-19).
- Elevane i 5.-7. klasse har fleire fulle dagar enn dei som går i 1.-4. klasse. Sjå eigne timeplanar.
- Vi har tilbod om leksehjelp til elevar i 3.-6. klasse. Omfanget er 40 minutt rett etter skuletid på måndag, tysdag og torsdag.
SFO - Skulefritidsordning
Stavanger kommune gir dette året tilbod om gratis SFO for elevane i 1.klasse. Det har ført til at vi har oppretta eige SFO-tilbod etter skuletid. Elevar som har behov for SFO-tilbod før skulestart, kan få dette i barnehagen.
Til vanleg er SFO:
- Eit tilbod til born i 1.-4. klasse
- SFO opnar rett etter leksehjelp/skuleslutt og held opent til kl. 16.20 på alle kvardagar
- Borna får eit måltid ca. kl. 14.30