Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
DEKOM - Lesing

DEKOM står for DEsentralisert KOMpetanseutvikling og er ei ordning som starta opp i 2018. I korte trekk handlar dette om at utviklingsarbeidet på skulane skal baserast meir på regionalt arbeid, enn nasjonale satsingar.

Finnøy Kommune er med i eit parnerskap med 7 andre kommunar i Midt-Rogaland, i tillegg til at Universitetet i Stavanger (UiS) er med som partner i ordninga. 

11 skular har blitt med i den første pulja i ordninga, som særleg gjennom 2019 skal arbeide mykje med eit sjølvvalt utviklingsområde. Fogn Oppvekstsenter er med i denne første pulja, og har fokus på lesing, saman med skulane på Ombo, Sjernarøy og Vikevåg. Lesesenteret ved UiS er også med gjennom to ressurspersonar som er med på våre klyngemøter (saman med dei andre skulane som vi arbeider med) og på våre felles planleggingsdagar. Ressurspersonar frå Lesesenteret kjem også på besøk til den enkelte skule, og støttar opp om det arbeidet vi er inne i, knytta til lesing som grunnleggande ferdigheit.

Lesemålet for oss på Fogn er at:

“Vi vil jobba for at våre elevar skal vera engasjerte og aktive lesarar”

For å arbeida mot dette målet, vil vi gjennom ulike periodar fokusera på:

1. Nøyaktig lesing
Elevane må ikkje hoppa over ord, endingar og tegnsetting, slik at dei går glipp av innhald og meining i teksten dei les.

2. Ord og begreper
Elevane må ha kjennskap til kva dei ulike orda og begrepa dei les betyr. Utan denne kjennskapen kan dei igjen “miste” innhald og meining i teksten.

3. Læringsstrategiar
Elevane må ha ulike verktøy for å hente ut relevant informasjon frå teksten dei les.

 

I tillegg til at vi har eit eige lesemål for denne satsinga, skal vi også lære på meir "generelt grunnlag" ved å arbeide på denne måten. Difor har vi laga til eit organisasjonsmål, som er felles for skulane på Ombo, Sjernarøy, Vikevåg og Fogn. Målet er at:

“Skulen er eit profesjonelt læringsfellesskap ved at tilsette har eit felles mål om stadig å undersøke og utvikle eigen praksis til beste for elevar si læring og utvikling.”

Ved å ha dette fokuset, skal vi i neste omgang vere rusta til å jobbe med andre satsingsområder enn lesing, takka være erfaringar vi gjorde nettopp gjennom arbeid med dette første satsingsområdet vårt.