Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
1:1 elev og digital dings

Eit hovudføremål med skulen i Noreg, er å gjere elevane godt rusta til å møte "den verkelege verda". Då trur vi at det er viktig at skulen ikkje "dett av lasset", heller ikkje i den digitale utviklinga. Bruk av digitale hjelpemidler kan også være effektive reiskaper for å læra, når lærestoff, pedagogikk og teknologi får gå hand i hand.

Hausten 2013 starta vi eit prosjekt knytta til bruk av iPad i undervisninga ved Fogn oppvekstsenter. Frå desember 2013 til juni 2014 hadde vi ei prøveordning der elevane i 3.-4. klasse hadde kvar sin iPad som dei også kunne nytte heime. I tillegg hadde vi 20 iPadar som resten av elevane ved oppvekstsenteret kunne nytta på skulen.

Etter å ha gjort gode erfaringar med 1:1 prosjektet i 3.-4. klasse, utvida vi dette til å gjelde for 3.-7. klasse frå og med august 2014. Frå skuleåret 2015-16 hadde vi 1:1 med iPad i 1.-4. klasse, og Windows-PC til elevane i 5.-7. klasse. I løpet av skuleåret 2017-18 gjekk vi over til Chromebook med G Suite for Education for samtlige elevar.

Elevane i 3.-7. klasse har høve til å låne med seg Chromebooken heim. Elevar og føresette må skrive under på ei kontrakt for å få lov til å gjere dette. Denne kontrakta handlar mest om at elevane ikkje skal misbruka maskinen, eller vera uvøren med den, slik at den vert øydelagt. I tillegg til kontrakta for heimlån, har vi nokre reglar som gjeld for skulebruk. Her handlar det meir om reglar for når og korleis elevane skal bruka maskinen, slik at den ikkje vert til hinder for læring, men heller eit godt verktøy for å oppnå læring.