Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Rutiner og anna i barnehagen

Under har vi lista opp eindel praktisk informasjon om hovedtrekka i barnehagekvardagen.

 

Kontaktinformasjon
Barnehagen: 51 71 46 84
Styrar Håvard Østhus: 51 71 46 80 / 93 44 59 13
Pedagogisk leiar Elin Bø: 99 43 09 78
Nettside: www.minskole.no/fogn

 

Dagsrytmen i barnehagen (når vi ikkje er på dagstur)
07.30: Barnehagen opnar
07.30-09.00: Frukost for dei som har med niste
09.00: Alle borna må ha kome, om ikkje anna er avtalt. Samlingsstund.
11.00: Lunsj
11.30: Uteaktivitetar / Fri leik / tur
14.00: Fruktmåltid/enkelt måltid
16.20: Barnehagen stenger, og alle borna må ha blitt henta

Dersom borna vert henta før klokka 15.00 må de som føresette gi beskjed om dette når bornet vert levert om morgonen. Gi også beskjed dersom borna skal hentast av andre enn de som føresette.

 

Turdagar
Barnehagen har tre faste turdagar i veka, der vi går på tur uansett vèr. I 2019-20 er det måndag, tysdag og onsdag som er slike turdagar. Då er vi stort sett i "Robin Hood-skogen", som er eit område omlag 10 minutter frå barnehagen, bak drivhuset til Marianne og Rasmus Bø. Desse dagane plar vi å gå frå barnehagen rundt klokka 09.30, og så er vi tilbake ein gong mellom klokka 15.00 og 16.00. Dersom vi kjem tilbake etter klokka 15.00, vil det henge ein lapp på døra i barnehagen med telefonnummer ein kan ringe for å ta kontakt dersom nokon må hentast før vi er tilbake.

Frukost
Dei borna som ikkje har ete frukost heime, kan ete matpakke-frukost i barnehagen når dei kjem om morgonen.

 

Lunsj og fruktmåltid
Borna får både lunsj og fruktmåltid i barnehagen. Lunsjen er eit varierande måltid med innslag av både fisk, kjøtt, brødmat og middagsmat. Til fruktmåltidet klokka 14.00 har vi somme gonger youghurt, knekkebrød, frukostblanding/havregryn e.l. og sjølvsagt frukt av ulike slag.

 

Eigen kopp og smekke
Ved måltid i barnehagen har borna kvar sin kopp med sitt namn på. Dersom borna vil ha med eigen kopp heimefrå kan dei det, eller så kan dei få ein enkel kopp frå barnehagen. Borna sine koppar har vi ståande i barnehagen, og dei vert vaska etter kvart måltid.
Born som treng smekke må ha med dette heimefrå. Plastikksmekker med oppsamlar er veldig greie, då vi berre kan skylle dei i barnehagen, og ikkje sende dei heim for vask.

 

Bleiebarn
Dei borna som bruker bleier må ha med bleier, våtserviettar og handkle (med namn på) heimefrå. Vi heng lapp på borna si hylle dersom dei treng påfyll av enten bleier eller våtserviettar. Handkle sendes heim, ved barnehagevekas slutt, for vask.

 

Skiftetøy
Borna skal til ei kvar tid ha skiftetøy på plassen sin i barnehagen. Det skal vere nok klede til to skift frå topp til tå. Klede som er skitne eller våte sender vi heim i ein pose. Hugs å fylle på med skiftetøy etterkvart.

 

Uteklede
Dei enkelte må sjølv sende med det de føler borna treng av klede ute, alt etter årstida. Her er ei liste som kan vera til hjelp:

  • Utedress (med strikk under føtene)
  • Ullgenser og ullbukse / Fleecegenser og bukse
  • Regntøy (med strikk under føtene)
  • Støvlar
  • Lue
  • Hals
  • Vottar
  • Ullsokkar
  • Ullundertøy
  • Caps/Solhatt

Det er viktig å få med vått yttertøy heim etter endt barnehagedag. Kleda tørkar ikkje over natta i garderoben der dei heng tett i tett.

 

Sekk og drikkeflaske
I og med at vi går mykje på tur, vil vi at borna skal ha sekk og drikkeflaske i barnehagen.

 

Merking av klede
Det er veldig viktig at borna sine klede er merka med namn. Om dei ikkje er det, kan kleda lett koma bort eller verta forveksla med andre born sine klede.

 

Låneklede
Dersom borna, ved særskilde høve, må låna klede av barnehagen, skal desse vaskas før dei vert leverte attende.

 

Samlingsstund
Dette er det tidspunktet på dagen kor borna er samla til ei fellesstund. I samlingsstund les vi bøker, snakkar om ulike tema og syng songar. Vi nyttar samlingsstunda til å sette fokus på ting vi jobbar med resten av dagen.

 

Bursdagar
Når vi feirer bursdag i barnehagen, har bursdagsbarnet med seg valfri mat/kake som alle i barnehagen kosar seg med ved måltidet klokka 14.00. Vi lagar bursdagskrone, syng og gjer stas på bursdagsbarnet. Bursdagane vert som regel feira den dagen borna fyller året, eller første barnehagedag etter bursdagen. For dei som har bursdag i barnehagen sin sommerferie, vert det ei felles feiring i august.

 

"Ha-med-dag"
På torsdag og fredag er det "Ha-med-dag". Då kan borna ha med seg ein ting dei kan leike med. Vi ynskjer ikkje at borna skal ha med mange ulike ting, men har sjølvsagt forståing for det dersom dei har med ei verktøykasse med ulike verktøy eller eit doktorsett med forskjellige reiskapar. 

 

Sjukdom
Når borna er sjuke, skal det gis beskjed til barnehagen så fort som mogleg, og seinast klokka 09.00. Barn som er smittefarlige (t.d. ved omgangssjuke med oppkast), skal haldast heime i 48 timar etter at symptomene har gitt seg. Dersom barnet har feber skal det haldast heime og helst ha ein feberfri dag før det kjem i barnehagen igjen. Her må almenntilstanden til barnet vere med og avgjere kva de som føresette vel å gjere. Det er viktig å hugse på at det oftast krever meir energi og overskudd å fungere ein heil dag i barnehagen saman med andre born, enn å vere heime med mor eller far ein dag.
Når barnet ikkje er smittefarlig, kan det gå i barnehagen sjølv om det skal ha medisiner. Då må føresette skrive under på eit medisineringsskjema i barnehagen.
Dersom barnet vert sjukt i løpet av dagen, vil personalet ta kontakt med føresette. Hugs difor å informere barnehagen dersom de byter telefonnummer. Dersom barnet har allergiar eller det er andre ting som personalet bør vite om, må dette gis beskjed om til personalet så snart som mogleg etter oppstart.

 

Planleggingsdagar
Barnehagen har fem planleggingsdagar i året. Desse vert nytta til å planlegge barnehagens aktivitetar og oppdatere personalet gjennom ulike kurs. Planleggingsdagane vert ofte lagt samtidig med skulen sine planleggingsdagar, men kan også verta på eigne dagar. Datoane ligg i kalenderen, og det kjem i tillegg ut ein sak på oppvekstsenteret si nettside i forkant av kvar planleggingsdag.

Planleggingsdagane 2019/20 er:

  • Onsdag 14. august
  • Fredag 15. november
  • Torsdag 2. januar
  • Tysdag 14. april
  • Fredag 22. mai

 

Ferieavvikling
Barnehagen er stengt i fire veker kvar sommar. I 2019 er ferien i veke 27-30, altså frå 1.-28. juli.

 

Tilvenningsdagar
Når eit barn skal starte opp i barnehagen for første gong, ynskjer vi at det får god tid til å bli kjent med barnehagen, før oppstart. Barnet er velkomen til å kome på besøk i barnehagen, saman med føresette, og på den måten bli vane med både plassen og dei som held til her. Avtal slike besøk med pedagogisk leiar.

I tillegg ynskjer vi at føresette skal vere tilstade i større og mindre grad dei første dagane etter at barnet har starta i barnehagen. Vi har ofte praktisert tre slike tilvenningsdagar, men ser at dette er veldig individuelt frå barn til barn, og det heng også saman med i kor stor grad barnet har vore på besøk i barnehagen før det startar opp. Det er vidare viktig at dei føresette har god tid til å både bringe og hente barnet, særleg i den første tida i barnehagen, slik at vi har tid til dialog mellom tilsette og føresette.

 

Er det noko som er uklart, er det berre å kontakte barnehagen!